AN sist fredag og Saltenposten lørdag bruker førstesida på snorklipping for Wenberg Innovation Park, i AN også kalt Stingray-bygget etter største leigetakar, Stingray Marine Solutions. Mitt skråblikk på Wenbergs investering skal ikkje handle om lakseskatten, sjøl om AN bruker ein stor del av sin reportasje på nettopp den. I Bodø har det lenge vore likeins; eit pinlig eksempel på husmannånda er ”The Storm” som namn på høgbygget eit steinkast frå Stormen kulturhus. Til AN for eit par år sia meinte direktørane for Bodø næringsforum og BRUS at bybildet er for lite prega av engesk! Så Trettebergstuen og Borten Moe har bruk for all mulig støtte når dei vil berge norsk språk i akademia.


Source:   Avisa Nordland
May 31, 2023 15:27 UTC