I ein reportasjeserie i Aftenposten i 2016 kom det fram at det i perioden 2005 til 2015 dreidde seg om løyvingar på minst 209 millionar kroner i skulesektoren.
Trass i dette, visar Elevundersøkinga at mobbeproblemet i skulen er aukande.
Like fullt er ansvar og autonomi noko som må vektleggjast i barnehagen og i skulen, til forskjell frå det som blir uttrykt i relasjonar prega av mobbing (Nordtug & Steinnes, 2020).
Det er i kraft av at barn, unge og vaksne er tenkjande og følande i relasjonane sine at opplevinga av mobbing blir konstituert.
Professor emeritus i barn og unges psykiske helse, Willy-Tore Mørch (2023) ved UiT Norges arktiske universitet, synast å vere inspirert av dette omgrepet i kritikken av Østrem i ein kronikk i Nordnorsk debatt i etterkant av innslaget i Dagsnytt 18.