Ungdommar frå 13 land, i aldersgruppa 17 til 21 år, har vore på sommarleir i Dalane i regi av Rotary. Dei var innom alle kommunane i Dalane der Rotary har klubb; Sokndal, Lund og Eigersund. – Nå gler me oss til å sjå meir av kva dette landet har å tilby, seier Lora frå Bulgaria. Lene Edland Solli, leiaren av Sokndal Rotary Klubb, var med som koordinator. – Det har vore veldig kjekt å sjå kor raskt ungdommar som ikkje kjenner kvarandre frå før, kan finna i hop, legg ho til.


Source:   Dalane Tidende
August 15, 2023 21:24 UTC