Foto: RUNE JOHANSENDet var, og er, nemleg ikkje alvoret i ein politisk skandale som avgjer om ein bergensk byråd går av. Store politiske fadesar, som det enorme skuleforfallet i byen, og TTT-skandalen, der ein av tilbydarane fekk innsideinformasjon i ein anbodsprosess, enda på det same viset. I 2025 kan det sjå ut som at Mikke Mus-parlamentarismen lever i beste velgåande i Bergen. I eit lite politisk miljø, der relasjonane vert tette – både mellom partia, men særleg internt i partia – er dei parlamentariske spelereglane ganske brutale. Om det er nok harmoni og disiplin i ein politisk allianse kan ein byråd overleva kva det måtte vera.