For kva hadde Bergen vore utan skreien og tørrfisken? Bergen hadde heilt sikkert vore eitt eller anna, men noko heilt anna enn det Bergen me kjenner. Jobben med å fastsetta kvotane for 2026 skulle ha vore i gang, men no er det full knute på tråden. Grunnen er at den norske regjeringa frå i sommar, med god grunn, bestemte seg for å stenga ute dei to dominerande russiske fiskeselskapa frå norske hamner. No trugar russarane med at dei vil nekta å vera med på felles kvotar, og at russarane frå no vil fastsetta sine eigne kvotar utelukkande på grunnlag av russiske interesser.
Source: Bergensavisen November 05, 2025 14:05 UTC