Tidlegare nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre blei tildelt dette hovudet til ein verdi av 400.000 kroner. Og når nokon har brukt 350 timar på å hogge ut hovudet til Magnus Lagabøte i den finaste kleberstein, blir det for dumt å la det gå rett i bosset. Tidlegare nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre beundrar Magnus Lagabøtes hovud på utstillinga i 2024. Kor ellesDei må ha vore utruleg nøgde då dei i staden fann ut dei kunne sende det med Aslak Sira Myhre. For kor elles skulle dei gjere av det, i ein institusjon som har i oppdrag å arkivere og bevare historisk material for ettertida?
Source: Bergens Tidende February 26, 2026 10:59 UTC