Bygdene og distrikta har så mykje meir å gjeFellesnemnaren for dei siste åtte åra er avstand og auka byråkratisering. På kommentatorplass i BT syner ein til feilslåtte «kampanjar» om å tiltrekkje seg nye innbyggjarar i distrikta – som omhandlar blant anna kjendisar i reklamefilm, nakne badande ordførarar og svulstige bilete frå naturen. I same artikkelen avsluttar ein med at lærdomen må være at bygda er bygda, og den er god nok som den er. Oppskrifta gjennom dei siste åtte åra har gitt oss tidenes reformboom, der fellesnemnaren er avstand og auka byråkratisering i det offentlege. At kommunane sender ut reklamekampanjar for å vekke merksemda til Erna & co, er ikkje rart, då bygda har så mykje meir å tilby enn det sitjande regjering har evne til å sjå.
Source: Bergens Tidende August 09, 2021 16:30 UTC