Den prosessen går ikkje problemfritt føre seg. Utviklinga på Dokken er så sjeldan som ein ikkje-katastrofal fornying av Bergen sentrum. Vanlegvis skjer storstilt byfornying i Bergen etter ein storbrann. Det var ei oppfølging av sjøstrategien til Bergen, der eit einstemmig bystyre ville ha ein samanhengande sjøpromenade i Bergen. Det likna på lovnaden til noverande kulturminister Lubna Jaffery (Ap), som før kommunevalet i 2019 sa det skulle bli mogeleg å gå langs sjøen frå «Ytre Sandviken til Laksevåg».
Source: Bergens Tidende March 24, 2026 18:22 UTC