Men bur du i Eigersund og gjerne skulle fått med deg foredraget, treng du ikkje fortvila, ifølge initiativtakaren til foredraget, folkehelsekoordinator Line Pettersen i Bjerkreim kommune. – Dei som ikkje har fått plass i Eigersund, er sjølvsagt velkomne til å møta opp i ein av dei andre kommunane, som alle har ledige plassar. I Bjerkreim treng du ikkje billett; det er bare å møta opp på samfunnshuset på Vikeså onsdag kveld, inviterer Pettersen. Dette er eit av satsingsområda for både folkehelsearbeidet og frisklivsarbeidet i Dalane, påpeiker Line Pettersen. Bruk denne anledninga til å få med deg eit foredrag som kan gi deg betre netter og meir overskot i kvardagen, avsluttar Line Pettersen.
Source: Dalane Tidende January 25, 2026 17:01 UTC