I månadsvis har det meste som kan krypa og gå av norske toppolitikarar valfarta til Realfagsbygget på Universitetet i Bergen. Dei har nemleg fått møta heilt eksepsjonelle forskarar, som jobbar fram kunnskap me kjem til å vera heilt avhengige av i framtida. For Bergen er det eit spørsmål om å vera ein by som er attraktiv både for dei beste forskarane, men òg dei flinkaste studentane. Ikkje berre for å nikka anerkjennande til kor flinke forskarane og studentane på Nygårdshøyden er, men å faktisk sikra Universitetet i Bergen det økonomiske løftet som skal til. Det er likevel ingen grunn til å berre gjera dette til ei historie om Bergen.
Source: Bergensavisen January 23, 2026 20:11 UTC