Ungdommen må ta høgare utdanning for å komma seg ut av arbeidarklassen, meiner ho. Så den dagen alle har universitetseksamen, treng me ikkje lenger folk som kan vaska, kjøra drosje og stå i butikken? Viss alle norske ungdommar skaffar seg akademisk utdanning, kven skal då ta seg av desse samfunnets kritiske funksjonar? I eit Utopia der alle nordmenn har akadmisk utdanning og kremjobbar, må framleis nokon ta seg av samfunnets kritiske funksjonar. Dei jobbane som er heilt nødvendige for samfunnet, er ofte bemanna av lågtlønte folk med lite utdanning.
Source: Dagbladet August 10, 2021 09:56 UTC