Er det eigentleg leiinga i byrådsavdelinga som vil sjå korrespondansen mellom verneombodet og BT? I tillegg til å varsla internt, er det å varsla pressa ein naturleg del av denne rolla. Dersom andre kan få innsyn i denne dialogen, set ein verneombodet ut av stand til å gjera jobben sin. Berre ved å be om å få sjå dokument som verneombodet ikkje vil visa fram, beveger leiaren seg inn på i eit minefelt. Om tilsette ikkje vågar å snakka med verneombodet og verneombodet ikkje vågar å snakka med pressa, er me ille ute.
Source: Bergensavisen December 13, 2025 11:53 UTC