Mellom Møhlenpris og Damsgård legg brua Småpudden til rette for at gåande og syklande skal kome seg raskt og enkelt over Damsgårdssundet. Når brua ikkje går opp, kjem ikkje båtane seg inn og ut. Når brua ikkje går ned, kjem ikkje publikum seg over sundet. Til BT seier Arild Gundersen, seksjonsleiar i Bymiljøetaten i Bergen kommune, at det er ein ny feil kvar gong Småpudden låser seg. Dette gjer det endå viktigare at Bergen får klare svar på kvifor Småpudden litt for ofte går i vranglås.
Source: Bergens Tidende August 06, 2021 04:07 UTC