I motsetning til internasjonale kollegaer har Erna Solberg i stor grad greidd å halda skansen, og vel så det. Hadde Høgre hatt ein partileiar som minna meir om alle forgjengarane til Erna Solberg, hadde dei truleg hatt meir å frykta. Angela Merkel og Erna Solberg gjorde det bra med kvart sitt konservative parti, medan andre europeiske partifeller hamna i trøbbel. Foto: Martin MeissnerLikevel vil eg faktisk hevda at Erna Solberg har hatt tøffare politisk motstand enn det Merkel hadde. Frp har vore ein langt meir reell konkurrent om veljarar og posisjonar enn desse partia.
Source: Bergensavisen February 14, 2026 13:20 UTC