Men kva tenker Bjerkreim, Espedal, Sandstøl og Slettebø om dei innbyggjarane i kommunen vår som vil få vindturbinar så tett på at dei vurderer å flytta? Dei er heller ikkje opptekne av det innhogget i privat eigedomsrett som ein vindturbin tett på er. Men det er ikkje bare på grunn av innbyggjarane me skal seia nei til dette, me har også eit ansvar for naturen. Som lokalpolitikarar er ikkje oppgåva vår bare å skaffa pengar til kommunekassen, men også å forvalta naturen i kommunen vår på ein god måte. Nå må me tenka på naturen vår og innbyggjarane våre, heller enn pengar i kassen.
Source: Dalane Tidende March 12, 2026 15:07 UTC