Trass alle desse dokumenta, har aggresjonen mot det som vert bygd i Bergen og andre byar berre auka. La oss ta eit tilfeldig døme på eit bygg, ja, kanskje ikkje heilt tilfeldig: ADO arena på Nygårdstangen. Dette er eit bygg mange har karakterisert som stort og stygt. Her finn ein òg, etter mi meining, den største mangelen i rettleiaren. Det kjem heilt sikkert til å verta bygd for store og stygge bygg i Bergen òg i framtida.
Source: Bergensavisen November 13, 2025 21:10 UTC