«EIN FANTAST»: Mannen som truleg blir Storbritannias neste statsminister, Boris Johnson, har lova å ta landet ut av EU, om så utan ein avtale. Det blir i så fall ein tragedie, skriv BT på leiarplass. Alt tyder på at Boris Johnson vil overta som statsminister når det konservative partiet vel ny leiar 22. juli. I slutten av juni gav han eit løfte om å ta Storbritannia ut av EU 31. oktober, sjølv utan ein avtale. Les også Britisk riksdagAlle som har det minste greie på britisk økonomi meiner ei utmelding utan ein avtale vil vere ein katastrofe.
Source: Bergens Tidende July 15, 2019 05:15 UTC