LUND: Rett før klokka 14 laurdag ettermiddag fekk politiet melding om at ein stor bil vingla og køyrde uforsvarleg på E39. Politipatruljen fanga opp bilen og observerte fleire forbikøyringar og brot på fartsgrensa. Målingar synte at bilen heldt ein fart på 92 kilometer i timen i 80-sona. Sjåføren har fått førelegg for høg fart og for å ha halde for kort avstand til bilen som låg føre.
Source: Dalane Tidende March 07, 2026 14:45 UTC