Guten blei skada som følgje av eit uhell med luftvåpen på Reimegrend i Voss. Søndag ettermiddag blei politiet varsla om at ein person var skada etter eit uhell med luftvåpen på Reimegrend. Politiet opplyser no at det er ein gut på elleve år som blei skada. Oppretta sakIfølge Veseth ber ulukka preg av å vere eit uhell, men politiet har oppretta sak som følgje av hendinga. Fleire avhøyrUhellet skjedde på ei privat adresse og det skal ha vore fleire personar til stades då ulukka skjedde, opplyser politiet.
Source: Bergens Tidende July 15, 2019 08:15 UTC